Aktuelt
Hvem er vi
Bli medlem
Protokoller
Fiskeri-info
Rekruttering
Søk i mrfisk.no:
Skriv ut siden



Aktuelt

Ein uvanleg og spennande skuledag


Sjette og sjuande klasse ved Grytastranda skule i Haram på Sunnmøre fekk oppleve ein helt uvanleg og spennande skuledag. Dei fekk vere med autolinebåten «Koralen» ut på havet for å fiske. Og for ein strålande dag, ikkje berre skein sola men det gjorde også borna. Etter kvart som fisk av ulike slag blei plukka av lina og om bord i «Koralen» steig stemninga enda fleire hakk.




M/ S «Koralen»
Autolinebåt bygd i 1989. Lengde: 38 meter. Breidde : 8,5 meter. Motor: 1000hk Alpha diesel. Kapasitet krok: 40000 krok. Frysekapasitet 20 t/ døgnet.
Leif Egil Grytten og Ronny Nogva frå Grytastranda Haram på Sunnmøre er hovudeigarar av båten, dei er også skipperar om bord, på kvart sitt skift. Dei kom på at dei ville vise den oppveksande slekt kva dei held på med ute i havet.

Grytastranda er ei bygd med ca. 550 innbyggjarar på nordsida av Grytafjorden i Haram kommune i Møre og Romsdal. Grytastranda er og har vore eit kraftsentrum for havgåande linebåter i Norge.I dag er det fire store autolinebåtar i kommuna og mottaksanlegg for fisk.

Grytastranda har og har hatt eit sterkt linemiljø i mange år og ungane har mykje linefiskar –blod i årane. Dette var eit privat initiativ, der reiarlaget tek alle kostnader. – Vi regner med at dette kosta oss minst 50000 kroner, men meiner det er viktig å fortelje borna kva vi steller med, både for å sikre rekruttering og å auke forståinga blant dei unge, seier reiar og skipper Leif Egil Grytten.
Me det sender han også eit signal til andre i næringa om at det er viktig å ta seg tid og råd til å få den oppveksande slekt i tale.
- Det er mange som ikkje har peiling på kva vi held på med, og det er delvis vår skuld, innrømmer Grytten.

Og ungane var klar, veldig klar, då dei strøymde om bord i den 38 meters store båten i nitida på morgonen. Den andre skipperen og reiaren Ronny Nogva tok i mot i styrehuset. Han og nokre av mannskapet hadde tidleg på morgonen vore ute og sett ut heile 7200 krok med line.

Dei fekk ein flott velkomst og Ronny gjekk gjennom alt om sikkerheita om bord. Av redningsflåtar hadde dei teke om bord ein ekstra, og Ronny fortalde at han til og med hadde kontakta kystradiostasjonen Florø radio og gjort dei merksame på at dei var ute med dyrebar last. Den lokale reiskapsprodusenten Mørenot Dyrkorn delte ut gratis redningsvestar til alle, som dei fekk til odel og eige. Dei er også ein viktig del av verdiskapinga som ein slik båt bidreg til, når dei kjøper reiskap og utstyr for fleire hundre tusen kroner kvart år.

Med det same vi kom om bord så kunne underteikna som gammal lineskipper slå fast at det var eit særs profesjonelt opplegg skipperane la opp til. Sikkerheita først, men også pølse med brød og raud saft blei også servert til dei unge «linefiskarane»

Så stakk me til havs, det var på utsida av alle dei øyane som er på nordre sunnmøre Ronny hadde plassert linene. Det var eit nydeleg vêr, men litt havdønning og « Koralen» rulla berre lett av og til. Nokre kjende litt på sjøverk, men alt i alt var dette ein sjøsterk gjeng. Spenninga steig då vi nærma oss endebøya og var klar til å hale om bord lina. Ungane flokka seg på shelterdekk. Så kom dreggen som ankrar lina til botnen, spenninga steig. Etter berre få krokar dukka den første brosma opp, ein fisk som har holdt liv i mange sunnmørske heimar.
– Ingenting kan måle seg med brosma slo skipper Grytten fast, den har eg eit spesielt forhold til. Då er vi to om det for korleis skulle Sunnmøre sett ut utan brosma
Etter kvart kom det meir fisk om bord, torsk, hyse, skate, brosme og lange.
Stemninga steig blant ungane, og den første gruppa elevar skulle vere med å lære bløgging i drageromet der lina blir hala inn. Ein steinbit som var klar til å bite skapte stemning, då Leif Egil viste ungane korleis den beit seg fast i kleppen. Dei lærde fort og dei hadde fått proffe fiskarhanskar med reiarlaget så dei ikkje skulle skade hendene Stemninga var stor og både jenter og gutar bløgga fisk så blodet spruta utan at dei såg ut for å grue seg særleg mykje. Dei fekk også sjå i egnehuset der lina kjem inn og blir hengt på magasin, og gjort klar til ny setting. Det gjekk unna og ungane lærde både å reparere og skifte krokane som var skada. Det auka nemleg på med fisk ut over dagen.

Etter kvart hadde det kome så mykje fisk om bord at det var klart til å starte sløyinga. Ungane gjekk til arbeidet med liv og lyst og dei to skipperane ga god instruksjon og slipte knivar. Ungane tok til seg lærdommen fort og etter kvart var produksjonen i full gang på arbeidsdekket til «Koralen» Jentene tok kjapt regien på vasking og stell av den ferdigsløya fisken, og som jenter flest gjorde dei ein svært så grundig jobb Mange kunne nok ønskt seg slike flinke damer på fiskebåtdekket. Det var fisk av topp kvalitet som blei lagt i kasser og skulle vidare til salting og klippfiskproduksjon ved Grytastranda fiskeindustri, ei tilverking som ungane skulle få vere med på dagen etter. Unntaket var hysa som skipper Ronny Nogva fileterte med stødig hand, og 25 kilo hysefilet skulle giast vekk til alders -og sjukeheimen i Brattvåg. Det er også ein del av den flotte fiskarkulturen her.

Haling av lina gjekk fort og smertefritt og måleinstrument i styrehuset viste at det kom inn ca 44 krokar kvart minutt, nokre av dei vaksne som var med ut og som aldri hadde sett dette gav uttrykk for at dei hadde fått ei «a-ha» oppleving. Ein slik båt som «Koralen» er ei viktig verksemd for lokalsamfunnet. Den skaper mange arbeidsplassar i alt frå verft til den lokale fiskeindustrien.

Dei unge reiarane har ein god filosofi. Å leve, og la leve er kortversjonen, og dei er på alle måtar beviset på at det går an å etablere seg i fiskeria. Reiarane arva ingenting, dei starta derimot heilt på null og har kjøpt alle kvotene dei har.

Turen blei slutta med at nokre liner blei sette ut utan agn fordi båten skulle på verkstad og skifte linemagasin. Dermed fekk ungane sett korleis det også føregår. Det var ein trøytt men glad gjeng som gjekk på land då vi returnerte til kaia i Brattvåg. Mange erfaring rikare og med ei større forståing for korleis verdiar og sysselsetjing blir til i sitt eige lokalsamfunn.
Alt takka vere det private initiativet til reiarane på « Koralen» Det er eit eksempel som mange bør følgje opp.

TEKST OG FOTO: KNUT ARNE HØYVIK, mai 2014



<<< Tilbake

Tidligere saker...
NORGES FISKARLAG
Fiskarlaget er en politisk uavhengig, faglig landsorganisasjon som bygger på frivillig medlemskap av fiskere gjennom fylkesfiskarlag og faglige gruppeorganisasjoner.
Link til Norges Fiskarlag...
Medlemsfordeler
Norges Fiskarlag har innledet samarbeid med Innkjøpsgruppen for å bedre tilbudet når det gjelder medlemsfordeler. Det er opprettet en egen nettside der alle fordelene er samlet. Her kan du laste ned medlemsfordelene.
REGULERINGER 2015
Oversikt over arbeidet med reguleringssaker 2015 finn du på Fiskeri-og Kystdepartementets heimeside. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette.
Link til forskriftene...
KALENDER 2014
En oversikt over aktiviteter som angår medlemmer i Møre og Romsdal Fiskarlag. Her kan du laste ned møtekalenderen for 2014.
SIKKERHETSOPPLÆRING FOR FISKERE
Kurs i sikkerhetsopplæring for fiskere er obligatorisk for alle som har sitt daglige arbeid på havet. En oversikt over hvilke kurssted som tilbyr sikkerhetsopplæring for fiskere finner du her:
Tariff
Fiskerioverenskomsten og oppgjørsavtaler mellom Mannskapsseksjonen og Båteierseksjonen i Norges Fiskarlag. Gjelder f.o.m. 1 januar 2012 og avløser tidligere avtaler.
Her kan du laste ned tariffene...
J-meldinger
J-meldinger legges ut av Fiskeridirektoratet fortløpende. Denne linken fører deg til de til enhver tid gjeldende J-meldinger.
Link til J-meldingene...
NRK-meldinger
NRK-meldinger legges ut av Fiskeridirektoratet fortløpende. Denne linken fører deg til NRK-meldingene fra 2013 og heilt tilbake til 2004!
Link til NRK-meldingene...
Høringer fra Nærings- og Fiskeridepartementet
Høringssaker fra NFD legges fortløpende ut på departementets heimeside. En rask oversikt over saker på høring, saker under behandling, og ferdigbehandlede saker finner du her:
Les mer...
DEL DINE SIKKERHETSTIPS - Din kunnskap kan redde liv!
Vi ønsker at fiskere skal få dele sine erfaringer og tips om praktiske grep som kan gjøres for å bedre sikkerhetstiltakene ombord for slik å lære av hverandre. Her kan du laste ned et dokument som er starten på en slik erfaringsutveksling.
SKIPSTRAFIKK
Følg skipstrafikken via Marine Traffic, en global visningsside der du enkelt søker etter fartøy eller havn.
Last ned her...
Se din opptjening i fiskarpensjonen!
På heimesida til Garantikassen for fiskere kan du logge deg inn og se din opptjening i fiskarpensjonen. Link til heimesida finn du her.
NOx
Det er etablert en egen nettside med informasjon om NOx-avtalen. Her finn du detaljer rundt avtalen, og oppdaterte endringer, regelverk og støttesatser.
Link til nettsiden...
Fiskarlagets sikkerhetsbutikk
I samarbeid med Gjensidige har Fiskarlaget etablert en nettbutikk med mange gode tilbud. Link til sikkerhetsbutikken finner du her.
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as